Time kyrkjelege fellesråd


Time kyrkjelege fellesråd er øvste organ for kyrkja i Time. Rådet består av to representantar frå kvart sokneråd, prost og ein politisk oppnemna representant frå Time kommune. Rådet møtast cirka seks gonger per år og har ansvar for sakar som gjeld tilsette, økonomi, kyrkjebygg, gravplassforvalting, m.m. Dei fleste møter i fellesrådet er offentlege, og kopi av sakslister og vedtak kan delast ut ved henvending til kyrkjekontoret.

Fellesrådet består av følgande medlemmer for perioden 2020-2023:
 
Time sokn: Willy Finnbakk (leiar) og Arne Ove Teigen
Bryne sokn: Anne Brit Ree (nestleiar) og Jarle Braut
Undheim sokn: Tordis Sandvik og Ivar Risa
Prost: Lars Sigurd Tjelle
Kommunal representant: Sverre Risa
 
Kyrkjeverja er sakshandsamar og sekretær for rådet.
Tilbake