Konfirmantavtale
- mellom Bryne, Time og Undheim kyrkjelydar, føresette og deg som konfirmant.
Vi håper og trur at både konfirmantar, føresette og leiarar vil få eit spennande og kjekt år. For at året skal bli best mogleg for alle partar, inngår vi ein avtale om korleis vi saman skal ha det i konfirmanttida. Link til påmelding finn de under avtalen
Dette er vi einige om:
Av oss som konfirmantlærarar kan de forvente:
- At vi viser deg som konfirmant respekt og tek spørsmåla og meiningane dine på alvor.
- At vi vil forsøka og møta deg i livssituasjonen din der du måtte trenga oss.
- At vi stiller godt førebudde til alle samlingar.
- At vi gir all nødvendig og god informasjon skriftleg.
- At vi informerer føresette, og går inn i dialog med dei viss konfirmantane gjentekne gonger ikkje følgjer reglane.
Av deg som konfirmant forventar vi:
- At du viser dei andre konfirmantane og dei leiarane du møter respekt.
- At du møter presis til samlingane. Alle samvær på planen er obligatorisk.
- At føresette gir skriftleg beskjed om fråvær og grunn.
- At du har med Konfirmantbibelen til undervisningssamlingane.
- At du deltek i minst fem valfrie gudstenester i løpet av året, i tillegg til dei obligatoriske presentasjons-, oppgåve- og konfirmasjonsgudstenesta.
- At du viser interesse og engasjement.
- At du er stille når nokon underviser og følgjer med på det som skjer.
- At du leverer frå deg mobilen i mobilhotellet på samlingane.
Av føresette til konfirmanten forventar vi:
- At de viser lojalitet til opplegget konfirmanten er med på, støtter og hjelper konfirmanten til å delta på undervisning og samlingar.
- At de er opne for spørsmål og tankar konfirmanten evt. ynskjer å ta opp.
- At ein vaksen stiller på fasteaksjonen (bøsseberar/sjåfør).
- At ein vaksen hjelper med måltid/rydding/anna på ei samling i løpet av året.
På leir gjeld eigne reglar.