Diakoni
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom.
Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Vi ønskjer at kyrkjelydane våre er fellesskap
- som stadig er opptatt av å integrere diakonien som ein naturleg og sentral del av kyrkjelydsarbeidet
- som inkluderer (ønskjer velkomen)
- som er stader å vere både i glede og sorg og når livet opplevast vanskeleg
- der ein møter kverandre med varme og respekt
- som formidlar Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk diakonalt arbeid
- som har eit engasjement for lidande menneske
Treng du nokon å snakke med, eller ønskjer du å vite meir om diakoniarbeidet vårt, kan du ta kontakt med diakon (eller prestane) under "Kontakt" i toppmenyen. Du kan òg lese meir om arbeidet vårt på nettsida til din kyrkjelyd.