Velkommen til dåp


Barn, unge og vaksne er alle, uansett alder, velkomne til dåp i Den norske kyrkja. I dåpen feirer me at den døypte blir ein del av Guds store familie - den verdsvide kyrkja.

Du kan lese meir om dåp i Den norske kyrkja på lenka kirken.no/dåp.   

Ønsker du samtale om dåp med ein av prestane våre i forkant av dåpspåmelding, ber me om at de sender oss ein epost til: post@timekyrkja.no, så formidlar me kontakt. 

 

Informasjon om påmelding

  • Opne påmeldingsmodulen for dåpspåmelding.
  • Kryss av for aktuell kyrkje/kyrkjer.
  • På alle gusteneste som kjem opp på lista, er det opna for dåp, sjølvom det ikkje står på alle gudstenestene.
  • Fyll ut skjema og send inn - Vedlegg som skal leggast ved er "Bekreftelse på registrering av fødselsnummer og navn" frå folkeregisteret. 
  • Ønsker de IKKJE at dåpen skal publiserast i Helgedagen (kyrkjelydsblad for Time) ber me om at dette vert skrive i merknadsfeltet 
  • Du kan gjere endringar og tilføyingar på seinare tidspunkt. 
  • Etter påmelding og 4-6 veker før dåpen vil de få tilsendt informasjon om dåpssamtale/dåssamling med presten som skal døype barnet.
I forhold til personopplysningslova og GDPR forordninga informerer me om at du/de, når barnet vert meldt opp til dåp, samstundes samtykker til at me lagrar kontaktinformasjonen din/dykkar. Kontaktinformasjonen kan då bli brukt  i samband med invitasjon til trusopplæringstiltak f. eks babysong, 4 års bok m.m. Du/de kan kva tid som helst trekke samtykket, om du/de skulle ønske det. Meld då frå til kyrkjekontoret  

 

Har du spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt med Time kyrkjekontor på tlf 51 77 03 77 eller send oss ein epost på epostadressen: post@timekyrkja.no

 

Barn holdt over døypefont med presten si hand over hovudet