Gravferd
Mange følelser melder seg i møte med død og gravferd. Dei som står nærast må òg forhalde seg til ei rekke praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. I løpet av kort tid må det blant anna tas val for seremoni, gravferdsform og kor gravlegginga skal finne stad.
Det er dei pårørande, som sørger for gravferda, og som har ansvar for ta kontakt med kyrkjekontoret. For dei aller fleste pårørande er det mest føremålsteneleg å få hjelp av gode fagfolk i samband med gravferda. Gravferdsbyrået vil då ta seg av all kontakt med offentlige instanser og gje melding om dødsfall til kyrkjekontoret.
I Time kommune er det 4 seremonistader Bryne kyrkje, Time kyrkje, Time bårehus og Undheim kyrkje. Time kyrkje og Undheim kyrkje er dei kyrkjene som er mest brukt, då desse kyrkjene ligg i tilknytning til gravplassane.
Ønskjer du samtale med prest eller diakon finn du kontaktinfo under "kontakt" i toppmenyen. Har du spørsmål rundt gravplassforvaltinga elles kan du ringe kyrkjekontoret på tlf 51 77 03 77.