Velkomen til vigsel
Å inngå ekteskap er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjent vigslar skal erklære at ekteskapet er gyldig. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer dette. Dei kan seie ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades, eller med kyrkja full av gjester. Har dei allereie gifta seg i borgarleg samanheng, tilbyr kyrkja å feire dette med forbøn for inngått ekteskap i ein eigen seremoni i kyrkjerommet.

I Time, Bryne og Undheim kyrkje har me vanlegvis ope for vigsel kvar lørdag kl.12.45, 14.00, 15.15 og 16.30. Ved interne arrangement i kyrkjene, kan enkelte datoar vere utilgjengelege. Bestilling av vigsel er elektronisk. Legg inn ønska vigselsdato og tid. Du vil få epost med stadfesting av dato.
Er det kort tid ( ca 3 mnd ) til ønska vigselsdato og datoen ikkje står på lista, ta kontakt på telefon 51 77 03 77 eller epost: post@timekyrkja.no.