Informasjon om prøvingsattest frå Folkeregisteret/skattetaten og andre skjema som må evt. må fyllast ut i samband med inngåing av ekteskap
Skjema som må fyllast ut for prøving av ekteskapsvilkåra før vigsel mellom to norske statsborgarar, er eigenerklæring frå brudefolka og forlovarerklæring. Dersom begge brudefolka og begge forlovarane har norsk personnummer eller D-nummer, kan skjema fyllast ut på Skatteetaten sine nettsider - Lenke til skatteetaten sine sider - "Veien til ekteskapet - steg for steg".
For vigsel mellom norsk og utanlandsk statsborgar, finn de aktuelle skjema Lenke til skatteetaten sine sider - "Ekteskap med utanlandsk statsborger"
Når saka er ferdig behandla, får de tilsendt prøvingsattest som viser at det juridiske er i orden. Denne får de normalt tilsendt i Altinn, men per brev om de har reservert dykk mot digital post. Forventa behandlingstid er 2-3 veker. Attesten er gyldig i 4 månader frå utskriving og de er sjølve ansvarlege for at den sendast til kyrkjekontoret på mail post@timekyrkja.no eller som brevpost til Time kyrkjekontor, Postboks 373, 4349 Bryne.
Om nokon vil endre namnet sitt i samband med giftarmålet, finn de skjema for dette på Skatteetaten sine nettsider under Folkeregister - Registrere og endre opplysninger i Folkeregisteret.