Vigsel av likekjønna


Alle par er velkomne til kyrkjebryllup 

Time kyrkjekontor tek imot bestillingar av vigsel eller forbønn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna par i alle våre kyrkjer. Prost og kyrkjeverje er ansvarlege for å sette inn vikarprest dersom tilsette reserverer seg eller har frihelg/ferie, slik at alle bestilte vigslar vert gjennomførte.

Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi – Vigsel 2017 - som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par. Den norske kyrkja har etter dette to liturgiar for inngåing av ekteskap. Vigsel 2003 gjeld framleis berre for ulikekjønna par.

Alle par er velkomne til kyrkjebryllup

Tilbake