Kvar vår vert årets brudepar i Time, Hå og Gjesdal inviterte til felles vigselsseminar av Prosten i Jæren prosti.
Kvar vår – før bryllupssesongen - vert årets brudepar i Time, Hå og Gjesdal inviterte til felles vigselsseminar i Bryne kyrkje saman med prosten i Jæren, organisten i Bryne og sekretær frå Time kyrkjekontor. Der får dei generell informasjon om førebuing til vigsel, organisten speler eit utval av bryllupsmarsjar og salmar, og det blir gjennomgang av dei ulike delane av sjølve vigselsseremonien.