Time kyrkjelege fellesråd forvaltar gravplassane i Time kommune. Alle innbygjarar i kommunen har rett på grav på ein av våre gravplassar, uavhengig av medlemskap i trus- eller livssynssamfunn.
I kommunen er det to gravplassar, Time gravplass som har fleire forskjellige gravtyper og Undheim gravplass med plass for kistegraver.
Informasjon om
Feste av grav
Gravminne og plantefelt
Avtale om stell
- Ei kistegrav er frigrav/gratis i 20 år.
- Etter friperioden er ute kan grava festast på ny for 5 år om gongen.
- Denne gravtypen vert brukt om ein ynskjer å festa (halda av) ei ledig grav ved sida av.
- Gravminnet vert sett på grava som vert brukt først, men er felles for begge gravene.
- Grava som vert teken i bruk først er frigrav i 20 år. Den festa grava ved sida vert fakturert for 5 år om gongen. Sjå eiga prisliste
- Grava som er festa vert ikkje gjort til frigrav ved ny gravlegging.
- I denne gravtypen er det tilrettelagt for gravlegging i to nivå. Første gravlagde vert gravlagt så djupt at det er plass til ny gravlegging over umiddelbart etterpå. Grava er frigrav i 20 år. Ved ny gravlegging i same grav før friperioden er utgått vert friperioden utvida med 20 nye år.
- Ei urnegrav har plass til 4 urner og er frigrav i 20 år.
- Om det vert sett ned ny urne før dei 20 åra er gått vert friperioden utvida med 20 nye år.
- Etter friperioden er ute kan grava festast på ny for 5 år om gongen.
- På Time gravplass har me eit eige felt tilrettelagt for religionar som praktiserer gravlegging med alternativ himmelretning.
- I namna minnelund vert urnene sett ned på eit større gravfelt med felles minnesmerke.
- Den gravlagde får namnet sitt på eit eige skilt på minnesmerke. Det er ikkje høve til å setja ned eige minnesmerke. Det er plass foran minnesmerke til å setja ned blomar. (ikkje planta)
- Namneskiltet i stål er 17 x 11 cm og har plass til namn, fødselsdato, dødsdato og. ev. eit minneord på inntil 25 teikn.
- Gravplassforvaltninga ordnar med inngravering etter informasjon frå gravferdsbyrå, ev. pårørande. Skilta vert levert til inngravering ca. 1 gong pr. mnd.
- Ved gravlegging i namna minnelund må ein betale ein eingongsum som gjeld for 20 år. Sjå eiga prisliste.
- Etter 20 år kan grava festast på ny for 5 år om gongen. Minneplata vert ståande så lenge feste vert oppretthalde.
- Ved gravlegging i minnelunden er det og mogleg å festa ledig grav ved sida av. Det vert då halde av plass til minnesmerke ved sida av den det vert festa i lag med.
- I unamna minnelund vert urnene sett ned utan noko minnesmerke. Gravplassforvatninga held oversikt over kven som er gravlagde der. Minnelunden har ein minnestein med teksten «Til minne» Det er plass til å setja ned blomar rundt minnesteinen.
- Feste av grav vert oppretta på to måtar.
- Ein held av ei ledig grav ved sida av ein som vert gravlagd
- Når fredingstida på 20 år er over inngår ein avtale om å oppretthalda grava vidare mot å festa den for 5 år om gongen.
- Feste vert fakturert på forskot. Sjå eiga prisliste
- Festar er ansvarleg for grava, at gravminnet er forsvarleg sikra og at det ikkje er planta/pynta ut over plantefeltet.
- Festar har råderett over grava og må gje løye om grava skal brukast på ny eller slettast.
- Om feste ikkje vert betalt, vert feste avslutta og gravminnet fjerna.
• Gravminnet skal vera innafor fastsette mål og godkjennast av Time kyrkjelege fellesråd før montering. (sjå vedtekter for gravplassane)
• Foran gravminnet kan ein ha plantefelt/bedplate. Plantefeltet/ bedplata skal vera i same breidde som gravminnet og ikkje lengre enn 60 cm målt frå bakre kant av gravminnet.
• Det er ikkje tillate å planta eller setja pynt utanfor plantefeltet.
• Frittståande plastlys skal plasserast i lukka lykter slik at ikkje fuglane kan få tak i dei.
• Gravplassforvaltninga kan påta seg stell av grava mot betaling. Sjå eigen brosjyre.
Vedtekter og prisliste er tilgjengeleg på nettsida: www.timekyrkjene.no/gravplass, eller ved å ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 51 77 03 77 eller gravplass@timekyrkja.no.