Avtale om gravstell


Gravplassforvaltinga i Time, ved Time kyrkjelege fellesråd, kan tilby avtale om årleg stell av graver på Time og Undheim gravplass.

 

Bestillinga  må sendas på epost: gravplass@timekyrkja.no eller pr post

 

Ein stellavtale inkluderer fylgjande:

Standard bed kr. 655,-

Plantepakke inkl. gjødsel 

  • Vår: 5 stk stemor på ei standard grav - plantast før påske om veret tillèt det.
  • Sommarblomar:  5 stk Flittig Lise på ei standard grav - innan 15. juni.
  • Haust:  2 stk lyng + 1 sølvtråd på ei standard grav - innan 1. oktober.
  • Vinterdekke: 2 vifter granbar - før julehøgtida

 

Lite bed/ bedplate kr. 393,-

Plantepakke inkl. gjødsel 

  • Vår: 3 stk stemor - plantast før påske om veret tillèt det.
  • Sommarblomar:  3 stk Flittig Lise på ei standard grav - innan 15 juni.
  • Haust:  1 stk lyng + 1 sølvtråd på ei standard grav.
  • Vinterdekke - 1 vifte granbar

Gravkrans til jul 162,-  

  • må bestillast som eit tillegg.

 

Arbeid  kr. 1.415,-

Kanttrimming 3 gonger i sesongen

  • først gong ved utplanting av blomar
  • Luking - ved planting + 2 gonger i løpet av sesongen
  • Gjødsling med langtidsgjødsel ved utplanting av somarblomar
  • Vatning - ca. 3 gonger om sommaren
  • Fylle på jord ved behov når ein plantar

Administrasjon kr. 130,-

Total pris pr. 01.01.2024

  • Standard bed pr. stk kr. 2.200,-
  • Lite bed/ bedplate pr. stk kr. 1.938,-

Stellet vert forskotsfakturert med forfall 1. mars.  
Prisane vert indeksregulert årleg.

 

Tilbake