Vigsel i Time


Kort informasjon vedr. vigsel i Time. Meir informasjon finn du øvst på heimesidene under VIGSEL. 

Vigselsprest

Prestane i Time har turnus for kven som har teneste i vigslane. Brudepara får tildelt prest til sin vigselsdato ut frå denne turnusen. Dersom nokon ynskjer annan prest enn den som har teneste i Time, må den aktuelle presten ha vigselsrett i Den norske kyrkja og det må avklarast i god tid. Brudeparet eller presten sjølv må då kontakte lokal sokneprest via Time kyrkjekontor for avklaring om vigselsløyve.

 

Vigselsseminar

Kvar vår – før bryllupssesongen - vert årets brudepar i Time, Hå og Gjesdal inviterte til felles vigselsseminar i Bryne kyrkje saman med prosten i Jæren, organisten i Bryne og sekretær frå Time kyrkjekontor. Der får dei generell informasjon om førebuing til vigsel, organisten speler eit utval av bryllupsmarsjar og salmar, og det blir gjennomgang av dei ulike delane av sjølve vigselsseremonien.

 

Vigselssamtale

Når bryllupsdagen nærmer seg, tek presten kontakt med brudeparet og avtaler tidspunkt for vigselssamtale. Vanlegvis inviterer dei til samtale 1-2 månader før vigsel.

 

Deltaking under vigsel

Bryllupsgjester kan delta med musikalske innslag og tekstlesing. Dette avtaler brudeparet med presten i vigselssamtalen. Organistane kan spele til solosong dersom det vert avklart i god tid før vigsel.

 

Pynting og sangark/vigselsprogram

Brudeparet er sjølv ansvarlege for eventuell pynting i kyrkja og for å få trykka sangark/vigselsprogram. Salmebøker i kyrkja kan nyttast om ein ynskjer. Sidan me ofte har fleire vigslar på rad same dag, må eventuell pynt vere enkel å få raskt på plass rett før vigsel og fjernast umiddelbart etterpå. 

 

Publisering i kyrkjelydsbladet

Dersom brudeparet ikkje ynskjer at vigselen skal publiserast med vigselsdato og namna deira i kyrkjelydsbladet Helgedagen etter at vigselen har funne stad, får dei høve til å gje beskjed om det i vigselssamtale med presten som skal vie dei.

Dette er kort informasjon. Meir generell informasjon om vigsel finn du på øvst på heimesidene under VIGSEL, evt. kan du sende epost til post@timekyrkja.no

Lykke til med førebuingane!

 

 

Tilbake