For barn og ungdom frå 4. – 10. klasse som har mista foreldre eller sysken i dødsfall
- Tilbodet er gratis og livsynsopent.
UNG SORG
FOR KVEN
PRIS
PÅMELDING
KVAR ER SAMLINGANE
OPPSTART OG GJENNOMFØRING
KVA ER EI STØTTEGRUPPE
OM GRUPPENE
Sorg er ingen sjukdom. Men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan setje i gang tankar, kjensler og veremåtar som kan virke ubegripelege, rare, uvante eller skremmande. Sidan me ikkje kan forhindra tap, må me heller prøve å hjelpa barnet ved å vise respekt for tapsopplevinga og hjelpe til med å finne uttrykk for følelsane.
Det er ei samtalegruppe med andre på same alder som også har opplevd å mista anten foreldre eller sysken i dødsfall. Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap der det er rom for å setje ord på kjensler, tankar og reaksjonar som sorga fører med seg. Kvar enkelt bestemmer sjølv kva han/ho vil dele, og me vil alltid oppfordra barna/ungdommane til å respektera kvarandre gjennom at ein ikkje fortel vidare det som blir delt i gruppa. Me har lov til å vera både glade og leie oss i lag.
- Ei sorggruppe gir høve til å treffe andre som er i same situasjon. Barn og ungdommar er ofte åleine i si sorg, og det å få høve til å treffa andre i same livssituasjon kan vere til god hjelp.
For påmelding og/eller informasjon, ta kontakt med diakonen i din lokale kyrkjelyd, eller direkte til diakon i Bryne: Marit Høie Hetland, marit@timekyrkja.no tlf. 911 63 039.
Løpende påmelding
- Barnet/ungdommen blir saman med ein forelder/føresett invitert til ein oppstartssamtale før gruppa startar. Der får me bli litt kjent med kvarandre.
- Oppstart . Så snart gruppa har nok deltakarar. Alle gruppemøta blir på måndagar.
- Gruppa møtes 8 gonger i løpet av ein periode på ca. 4 månader.
- Alle gruppemøta blir anten i skuletida eller rett etter skuletid, og fråvær blir avtala med skulen.
- Planen er å ha to grupper, ei frå 4.-7. klasse og ei frå 8.-10. klasse, men gruppesamansetning og tidspunkt blir endeleg avklart etter påmelding.
- Stad: blir avklart når ein ser samansetningen i gruppa.
- Transport til og frå gruppa blir avtala med kvar enkelt.
- Me har alltid eit måltid mat saman.
- Det blir brukt ulike typar leik, teikning og hobbyaktivitetar for å styrke samtalen om tema omkring sorg og død. På den måten ønskjer me å gje barna og ungdommane rom for å sørgje, og å hjelpe til med å få gitt uttrykk for sine tankar, kjensler og reaksjonar.
Tilbodet er gratis
- Gruppene er livssynsopent.
- Gruppene er opne for alle, uansett kva livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn.
- Sorggruppene blir organisert av diakonane i Den norske kyrkja på Jæren, Sandnes og Sola.