Vår gode medarbeidar i Time kyrkje skal flytta tenesta si til Bryne kyrkje, og me er difor på jakt etter ein person som kan ta over som kyrkjetenar i Time.
Vår gode kyrkjetenar i Time har fått flytta tenesta si til Bryne kyrkje og me treng derfor ein ny person som kyrkjetenar ved gudstenester og vigslar ca. 2. kvar helg i Time kyrkje.
Stillinga er på 6 % og vert lønn etter gjeldande tariff.
Me har to faste kyrkjetenarar på helg i Bryne og ein i Time noko som gjer det mogleg å byta arbeidshelger av og til. Arbeidet består stort sett i å klargjera kyrkja før arrangementa, styra lyd og bilete under arrangement og rydda i etterkant.
Stillinga passer like godt for skuleungdommmar/ studentar/ pensjonistar eller andre som har lyst. Er dette noko for deg set me pris på ein enkel søknad til post.time@kirken.no