Fredag 14. februar - kjærleikens dag - opner me Time kyrkje og inviterer til drop-in vigsel.
Kva skjer i ein Drop-in vigsel:
Er det berre å møte opp
VIKTIG - Prøvingsattest
Påmelding vigsel
Kleskode
Gjester
Kven kan gifte seg i Den norske kyrkja
Kva skjer i ein Drop-in vigsel:
Drop-in vigsel er i stor grad lik ein vanleg vigsel, men med mindre krav til planlegging, feiring og fokus.
- Når ein kjem til kyrkja vert ein teken i mot av tilsette i kyrkja og frivillige.
- I forkant av vigsel må ein ha ein vigselssamtale med prest. Vigselen tek rundt 15 minutt og er noko forkorta.
- Organisten er på plass og spiller flotte tonar til inngang og utgang. Me har engasjert ein fotograf som vil ta bileter av den store dagen (gratis). som de vil få tilsendt.
- Sekretær klargjer papirarbeid og registrerer vigselen.
Frivillige og tilsette kan stille som vitner om dette er ønskeleg.
Er det berre å møte opp?
Du kan berre møte opp, om du ønsker det. Det kan imidlertid vere lurt å bestille tidspunkt. De/dei som møter opp, må de pårekne noko ventetid. Det vil vere opent for påmelding heilt fram til 14.2.25
Prøvingsattest
Ein kan ikkje gifte seg i kyrkja utan at ein har med seg gyldig prøvingsattest.
Ein må søkje om prøvings-/ekteskapsattest hjå skatteetaten for å gifte seg - skattetaten.no/provingsattest
De må fylle ut ei eigenerklæring og søkje om attest før de giftar dykk. Attesten er gyldig i 4 månader etter at han er utferda - altså kan allereie de frå 14. oktober søkje om prøvingsattest til Drop-in dåp.
NB - Dersom prøvingsattesten vert sendt inn i forkant av Drop-in vigsel, kan papirarbeidet klargjerast på førehand
Kleskode
Nokon liker det kvardaglege, andre ønsker å pynta seg. Velkomne er de uansett.
Gjester
Me ønsker at de som gifter dykk gjennomfører den vigselen de ønsker, og ha med dei personane de ønsker.
- Ønsker de å gifte dykk i utan gjesterer - Velkommen (ansatte/frivillige kan stille som vitner)
- Ønsker de å berre ha forlovarar med i vielsen - Velkommen
- Ønsker de å ha med familie og eller vener i vigselen - Velkommen
Noko de lurer på ? send oss ein epost på post@timekyrkja.no