Vedtekne i Time kyrkjelege fellesråd: 03.04.2023
Godkjente av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark 19.04.2023
Gjeldande frå: 20.04.2023
Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1)
Innhaldsliste
§ 1 Forvalting
§ 2 Definisjonar
§ 3 Tilvising av grav
§ 4 Fredingstid og festegrav
§ 5 Grav og gravminne
§ 6 Verneverdig mellomalderkyrkjegard
§ 7 Stenging for gravlegging for enkelte felt
§ 8 Plantning og utstyr på grav
§ 9 Gravstell
§ 10 Bårerom
§ 11 Næringsverksemd
§ 12 Arbeid på gravplassane
§ 13 Ferdsel på gravplassane
§ 14 Namna minnelund
§ 15 Unamna minnelund
§ 16 Minnelund for det ufødte liv
§ 17 Forskjellige vedtekter
§ 18 Brot på vedtektene
§ 19 Dispensasjon frå vedtektene
§ 20 Ikraftsetjing og oppheving av andre vedtekter
1.1 Time gravplass og Undheim gravplass er underlagt Time kyrkjelege fellesråds administrasjons- og myndigheitsområde. Heretter kalla gravferdsmyndigheita.
1.2 Forvaltinga skjer i medhald av gravplasslova av 7.juni 1996 nr. 32 og Gravplassforskrifta av 10.januar 1997 nr.16.
Fri grav: Tildelt grav til kommunens innbyggarar som kan rådast over utan avgift i 20 år.
Festegrav: Grav kor det er inngått avtale om bruk mot betaling av avgift.
Grav dobbel djupne: Fri grav/festegrav med gravlegging i to nivå;
1. kiste 1,5 meter overdekking med jord.
2. kiste 0,8 meter overdekking med jord.
Gravstad: Kistegraver som er avtalt å feste saman.
Urnegrav: Grav berre for urner.
Kistegrav: Grav for kister. Det kan også setjast ned urne i kistegrav.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan brukast om at.
Festetid: Tidsperioden det vert gjort avtale om bruk av ei grav mot betaling av festeavgift.
Ansvarleg: Den som står som ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som ansvarleg i festeavtale.
Unamna minnelund: Avsett område på gravplassen for gravlegging i umerka grav.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke som har ei namneplate for avlidne.
Anonym grav: Når plassering av grava berre er kjent for gravplassmyndigheitene
3.1 Avlidne personar med bustad i kommunen kan gravleggjast på Time gravplass eller Undheim gravplass etter eige ynskje.
3.2 Avlidne personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i annan kommune mot slutten av livet, vurderast på same måte som kommunens innbyggarar.
3.3 Personar utan bustad i kommunen, kan etter løyve frå gravplassmyndigheita gravleggjast på gravplass i kommunen. Det kan då krevjast dekking av kostnader ved gravferda, og avgift som ved feste av grav, jf. gravplasslova § 6 andre legg for heile fredingsperioden på 20 år.
3.4 Felt 28 på Time gravplass er tilrettelagt for muslimsk gravleggingsskikk.
4.1 Fredingstida for urnegraver og kistegraver er 20 år.
4.2 Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.
4.3 Når kistegrav skal takast i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sidan av, og etter søknad til gravplasmyndigheita for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Gravene utgjer då ein gravstad. Ved feste av grav ved sidan av den festegrava som takast i bruk, er festetida 20 år.
4.4 Ved bruk av urnegrav, kan det ikkje festast grav ved sidan av. Ei urnegrav har plass til 4 urner. Ved nedsetjing av ny urne før friperioden er ute, vert friperioden forlenga med nye 20 år.
4.5 Ved 2. gongs gravlegging i grav med dobbel djupne før friperioden er ute, vert friperioden forlenga med nye 20 år.
4.6 Når festetida er ute, kan festet fornyast for 5 nye år. Dersom festet ikkje er fornya innan 6 månader etter forfall, fell gravstaden tilbake til gravplassmyndigheita.
4.7 Når det har gått 60 år etter siste gravlegging kan feste ikkje bli fornya utan særskilt samtykke frå gravplassmyndigheita.
4.8 Innbetalt festeavgift vert ikkje tilbakebetalt dersom tilbakebetaling ikkje følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
4.9 Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festar/ ansvarleg for grava. Dersom festar/ ansvarleg for grava sitt samtykke ikkje kan innhentast, kan gravplassmyndigheita avgjere spørsmålet om gravlegging.
4.10 Festar plikter å melde adresseendring.
5.1 Ved opning av grav, kan jordmassar midlertidig leggjast på omkringliggjande graver, og gravutstyr flyttast. Gravplassmyndigheita vil ordne grava planert og tilsådd.
5.2 Blomsterbukettar, kransar etc. som er lagt på grava er familiens eigedom og festar kan sjølv fjerne desse innan 2 veker etter gravferdsdagen. Etter den tid vil driftspersonell ved gravplassen fjerne det.
5.3 Gravplassmyndigheta har ansvar for å etterfylle masse når det kjem settingar og sig i gravene. Festar har ansvar for å rette opp gravminne som følge av settingar og sig.
5.4 Gravminnet, fundament eller sokkel, fastmonterte dekorgjenstandar, namneplater, og symbol som fast del av gravminnet, skal godkjennast av gravplassmyndigheita i fylgje gravplassforskrifta § 25.
5.5 Montering av gravminne på kistegrav kan tidlegast skje 3 månader etter gravlegging grunna setting og sig. I mellomtida kan det setjast opp eit midlertidig merke med den avlidne sitt namn på. Gravminne på urnegrav kan setjast opp umiddelbart etter urnenedsettinga.
5.6 Gravminne som vert sett på grava utan å vere godkjent, kan etter varsel med gjeven frist fjernast av gravplassmyndigheita.
5.7 På ny festa gravstad plasserast gravminnet i bakkant av den grava som er teken i bruk og vert ståande der ved neste gravlegging.
5.8 Som minstekrav til fundament, rammer, heile og delte plater som skal setjast opp på grav gjeld fylgjande:
• Fundamentet til gravminnet skal være heil stein. Limt fundament vert ikkje godkjent.
• Avvik mellom dimensjon på sikringsbolt og hol skal ikkje være meir enn 2 mm.
• Kantstein omkring plantefelt, dvs. minst tre rette steinstykker som leggjast på tre sider av plantefeltet eller liggjande plate føre gravminnet, skal flukte med terrenget omkring. Innramminga utgjer då ein del av plantefeltet.
• I fallande terreng trappast kantstein og plate i høve til gravminnet sitt fundament.
• Plate og fundament skal ikkje vere same stykke.
• Heil eller delt plate, med eller utan hol til planter, skal leggjast i drenerande masse. Avstand frå plantehol til ytterkant av plate skal vere minst 8 cm.
• Heil eller delt plate skal ha same breidd som gravminnet/fundamentet og djupne tilpassa bedet sitt tillatne mål inntil 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant.
• Gravminne og anna gravutstyr som er i forfall, på annan måte er skjemmande eller som inneber fare, kan takast bort eller leggjast ned av gravplassforvaltninga. Før dette skjer skal festar for gravstaden om mogleg varslast, med pålegg om å rette på forholda.
Deler av felt 1, 2 og 3 er mellomlalderkyrkjegard og automatisk verna etter kulturminnelova § 4. Heile området innafor steingarden, felt 1,2 og 3 er underlagt særskilde restriksjonar. Graver med aktivt feste kan nyttast til ny gravlegging.
7.1 Felt 4 på Time gravplass og felt F på Undheim gravplass er stengt for kistegravlegging grunna høg grunnvannstand i medhald av gravplassforskrifta § 5 andre ledd og vedtak i fellesrådet 16.03.22 Ved festeforfall er det er ikkje høve til å fornya feste på dessse felta, etter krav om forsvarleg drift.
7.2 Time gravplass, felt 5, 8 og 9 og Undheim gravplass felt E tilfredstiller ikkje dagens krav til størrelse og kan ikkje nyttast til ny gravlegging så framt det ikkje er aktivt feste på dei.
8.1 Framfor gravminne er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken omkring. Det må ikkje vera breiare enn gravminnet, og heller ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet.
8.2 Plantar, kransar og liknande materiale som brukast ved gravferd og pynting av grav, skal i sin heilskap vere mogleg å kompostera.
8.3 Privat bruk av sprøytemiddel er ikkje tillate.
8.4 Lause dekorgjenstandar, gravutstyr og plantar er festar sitt ansvar. Alt utstyr skal vere montert slik at det er minst 5 cm frå ytterkant på bedplate/rammekant/blomsterbed til ytterkant på gravutstyret som er montert. Dekorgjenstandar og plantar kan ikkje vere høgare og breiare enn gravminnet og bedet. Desse må ikkje vere til hinder eller fare for den daglege drifta.
8.5 Dekorgjenstandar/ vasar og liknande som ikkje er i bruk, skal fjernast frå gravplassen. Det må ikkje lagrast bak gravminnet.
8.6 Det er ikkje høve til å setje lys som lyser i fargar eller blenker på grava.
8.7 Frittståande plastlys med eller utan metallhette må plasserast i lykter som gjer at fuglane ikkje kan få tak i dei.
9.1 Ansvarleg for fri grav eller festar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert stelt eller planta på skal såast til av den ansvarlege eller av gravplassmyndigheita.
9.2 Ansvarleg for grav eller festar plikter å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
9.3 Ansvarleg for grav eller festar kan inngå avtale om at kyrkjeleg fellesråd,
og den som vert gjeven tillating til det etter § 11, kan gjere planting og stell av grav, (samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar for ansvar vedkomande har etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar.
10.1 Bårerom skal brukast til oppbevaring av døde, som skal gravleggjast eller bisetjast, i tida fram til gravferda. Ingen har adgang til bårerom utan tillating frå gravplassmyndigheita. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som syter for gravferda. Bårerommet skal vere låst når det ikkje er tilsyn.
11.1 Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassen skal innhente tillating frå gravplassmyndigheita. Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver.
11.2 Næringsdrivande må rette seg etter gjeldande lov, forskrift og desse vedtektene, og dei må sjølve fjerne alt avfall og overskotsmasse i samband med det arbeidet dei utfører. Tillatinga kan trekkjast tilbake med umiddelbar verknad dersom dei næringsdrivande ikkje retter seg etter vedtekter og vilkår i tillatinga.
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje i arbeidstida (kl.07.00-17.00) og må ikkje gjerast på sundagar, helgedagar eller offentlege høgtidsdagar. Arbeid på gravplassane må ikkje vera til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplassen.
Køyring med bil, moped og liknande køyretøy er ikkje tillate på gravplassen. Unntatt er forvaltinga sine eigne køyretøy. Gravplassmyndigheita kan gje skriftleg tillating dersom pårørande har spesielle behov for transport. All køyring og ferdsel skal skje med ekstra varsemd og respekt.
14.1 Graver knytt til namna minnelund følgjer same forvaltingsordning som for andre urne- og kistegraver. Dette gjeld fredingstid, høve til å feste ei tilleggsgrav, fornying av feste og festeavgift. Pårørande kan delta på vanleg måte under urnenedsetjing.
14.2 Det vert nytta ei standard namneplate kor avlidne sitt namn, fødsels- og dødsdato vert prega inn. Om ein fester ei tilleggsgrav, kan det også setjast av plass til ei ekstra namneplate.Namneplata vert fjerna når grava vert sletta.
14.3 Minnelunden har felles planting som vert stelt av gravplassmyndigheit. Det er ikkje høve å setje blomster eller andre element på sjølve grava eller framføre namneplatene. Det vert tilrettelagt for å kunne setje avskårne blomar og levande lys ved felles minnesmerke.
14.4 Grunna samsvar mellom plass til minneplater og antall urnegraver på minnelunden er det ikkje tillate med namneflytting til namna minnelund.
Graver i minnelund utan namn kan ikkje festast.
Det vert tilrettelagt for å kunne setje avskårne blomar og levande lys ved felles minnesmerke.
Det er ikkje høve til å setja opp gravminne på minnelunden for det ufødte liv. Ved minnesmerke er tilrettelagt for å setja ned blomar.
Ved eventuelle filmopptak på gravplassane må tillating innhentast på førehand hos gravplassmyndigheita.
Dersom vedtektene ikkje vert overhaldne, kan gravplassmyndigheita setje i verk naudsynte tiltak etter varsel til ansvarleg / festar av grav/gravstad.
I særskilde tilfelle kan gravplassmyndigheita fråvike vedtektene
Denne forskrift om gravplassvedtekter trer i kraft frå 20.04.2023
Frå same tid oppheves gravplassvedtekter vedtatt av Time kyrkjelege fellesråd 04.12.2019 og godkjent av Stavanger bispedømmeråd 07.02.2020.