Gravplass


Mange følelser melder seg i møte med død og gravferd. Dei som står nærast må òg forhalde seg til ei rekke praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. I løpet av kort tid må det blant anna tas val for seremoni, gravferdsform og kor gravlegginga skal finne stad. Vi vil her prøve å informere om nokre viktige forhold som det er bra å kjenne til for gravferd.

I kommunen er det to gravplassar; Time gravplass og Undheim gravplass. Begge gravplassane ligg i tilknyting til kyrkjene. Gravplassen er ein stad for seremoniar og minner.  Her møter me menneske i ulike situasjonar, ofte knytt til sorg og sakn.  

Det me gjer og måten me gjer det på er difor prega av dette. Fellesrådet sitt mål og ynskje er at gravplassen skal vera ein god plass å koma for å minnast dei som har gått bort.  Ønskjer du samtale med prest eller diakon finn du kontaktinfo under "kontakt" i toppmenyen.

Har du spørsmål rundt gravplassforvaltinga elles kan du ringe kyrkjekontoret på tlf 51 77 03 77.